PROTOKOLL

Den 11.11.1993 vart det halde skipings- og konstituerande møte i Trivsel i sentrum, eit koordinerande organ for investering i fritid/kultur/idrett/fiske m.m. for bygdene Vatne-Tennfjord.

Skipingsmøte vart halde på Vatne Ungdomsskule.

Til stades:

Sjå vedlagte signerte deltakarliste.

SAK 1. OPNING OG FORMÅL MED MØTET

Initiativtaker til møtet er interimsstyret for Trivsel i sentrum. Per Hofseth, som har stått for ideutviklinga og er formann, saman med føljande styremedlemmer: Stein Harsjøen nestformann (HFFO), Arild Vadsset (Sunnmøre Travlag), Arne Vatne (Vatne vassdraget grunneigarlag), Petter Arne Ulvestad (Vatne Jeger og Fiskarforening), Dagfinn Ringstad (Vatne Hornmusikklag), samt Vebjørn Vatnehol (Vatne jeger og Fiskarforening), innleia møtet ved å ønskje dei frammøtte velkomen, samt å presentere interimsstyret.

Han gjekk så over til føljande bakgrunn for innkallinga til møtet:

Utviklinga

Regionen Vatne-Tennfjord og delar av Grytastranda har ei tid utvikla seg negativt. Dette ved at handel og industri, primær- og tenesteytande-næringar har hatt tilbakegang.

Dei gamle leiarane av desse bedriftene er borte, og lag og organisasjonar ser ut til å ha den einaste fasttømra organisasjonen med lokal tilknytning som p. t. kan utvikle fritid/kultur/idrett/fiske m.m.

Disse organisasjonane er vedrifulle i dette arbeidet, men kvar for seg gir dei ikkje den «kraft» som skal til for å tilføre regionen midlar i konkurranse med andre bygdesamfunn i kommunen, og i konkurranse med andre kommunar.

Gjennom arbeidet i interimsstyret har vi erfart føljande:

  1. Vi har fått midlar fra fylke og departement, og tilskot fra kommunen i perioden 1986 til 1993 på 1 million kroner.  Inkl. IL Ravn si utbygging av hoppbakken. Tilskota/løyvingane har ikkje medført krav til eigenkapital. (Unnateke IL Ravn og hoppbakken)
  2. Vi har dei siste åra motteke opp mot 150.000,- kroner per år. Det vart gitt eksemplar på kor midlane var brukt. (skogrydding etc.) 

    I år er det søkt om midlar slik:

a)       Statens Vegvesen, asfaltering i Gurinesbukta                                                  Vedl.          l

b)      Kommunal og arbeidsdepartementet, arkitektstønad                                  vedl.          ll

c)       Møre og Romsdal Fylkeskommune, miljøavdelinga                                        vedl.         lll

     

3.  Det er støtte i det politiske miljø for at det vert danna ein felles organisasjon for lag og foreningar for å «konsentrere» investeringar i infrastruktur innan idrett/fritid/kultur/fiske m.m. Som igjen kan definerast som bygdeutvikling.

4.       Det vil ved skipnaden av ein slik «konsernmodell» vere mogeleg å tilsette arbeidsledig ungdom, som rekneskapsførar, sekretær m.m. med opplæring fra lokalt regnskapskontor. Ordninga vil bli dekt av det offentlege. Desse utfører «kontorjobb» for kvart einskilt tilslutta lag, samt Trivsel i sentrum. Dei vil da få full arbeidsdag.

5.       Trivsel i sentrum vil få ein representant fra Haram kommune i sitt styre, som t.d. næringskonsulent, miljøkonsulent, landbrukssjef eller andre.

6.       På førespurnad til miljødepartementet og til konsulent Roy Jakobsen i kommunal-departementet, stør dei etableringa av ein modell slik som Trivsel i sentrum vert etablert.

Dette vil medføre at vi får midlar fra departementa eller frå fylket (Ref. søknad c pkt. 2).

  1.  Vi vil kunne rekne med å få økonomisk støtte til eit fullfinansiert arkitekt/landskapsarkitekt prosjekt. Området vert der definert som satsingsområde for idret/fritid/kultur/fiske integrert i bumiljøet. Eks. er første framstøyt i brosjyren for fiskeavgift -95 direktoratet for naturforvaltning.
  2. Det vil mogeliggjere eit samarbeid med Ålesundregionens utviklingskontor og Sunnmøre travlag for etablering av travbane i området.
  3. I møte den 21.06.93 med Møre og Romsdal fylkeskommune, landbruksavdelinga, miljøvernavdelinga og idrettsavdelinga, vart det stadfesta at området kunne «definerast» som STUI-område. Ei slik «kraftsamling» ville ha fordelar ved søking av STUI-midlar der det ville bli lagt vekt på å få mest igjen for investeringane, og at den hadde ein regioneffekt. Forsvaret er interessert i eit investeringssamarbeid på same modell.

SAK 2 SKIPING AV SELSKAPET

Som skipingsdsdokument vart protokollert:

Utkast til vedtekter

Paragraf 1

Navnet til laget er Trivsel i sentrum

Paragraf 2

Adressa skal vera Vatne eller Tennfjord slik det passar best for det sitjande styret.

Paragraf 3

Formålet til laget er å utvikle eit konsentrert tilbod innan idrett/fritid/kultur/fiske i området Trolldalen til Vatne-Vatnet, med forgreiningar utover for turstiar slik dette vert fastsett i eit arbeidsprogram.

Ein skal arbeide for å utvikle IL Ravn sine anlegg vidare og tilpasse desse til ungdomsskulen og eit framtidig kulturbygg, der medlemsorganisasjonane kan ha sine kontor.

Ein skal syte for naudsynt fagleg utgreiing for arbeidet før prosjektet vert starta opp. Ei avgensa mengde prosjekt vert prioritert og fullført.

Ein skal arbeide for at skuler og andre offentlege instutisjonar kan dra nytte av tiltaka, slik at dei investeringane som vert gjort kan redusere tilsvarande offentlege kostnader.

Ein skal søkje interkommunalt samarbeid der dette er mogeleg.

Ein skal arbeide ut, og prøve å gjennomføre ein sosial strategi for regionen Vatne-Tennfjord.

Paragraf 4

Kontingent og andel:

Medlemskap i laget består av:

  1.  Andel kr.300,- (eingongsavgift ved innmelding)
  2. Årskontingent fastsett av årsmøtet. For medlemskap skipnadsdagen er medlemskontingenten kr.300,- gjeldande for året 1994.

Der prosjekt for ein medlemsorganisasjon vert administrert av Trivsel i sentrum kan det krevjast ekstrakontingent av denne organisasjonen, eller av alle medlemsorganisasjonane. Det kan søkjast om unntak.

Andelen kan overdragast til andre, og slik overdraging skal meldast styret skriftleg. Ingen kan eige meir enn ein andel. Overdraging og pris skal godkjennast av styret.

Trivsel i sentrum har sjølv forkjøpsrett. Der den vert gjort gjeldande, skal andelen innløysast for same sum som det er gjeve bod på. Der krav om innløysing eller sal vert fremja, skal styret avgjere saka innan 4 mnd.frå kravet vert sett fram. Styret kan forlengje fristen med inntil 4 mnd., og partane pliktar å godta styret si avgjerd i saka.

Andelar som Trivsel i sentrum sjølv kjøper, skal setjast til kr.0,-, og røysteretten for andelen fell vekk.

Paragraf 5

Medlemmer:

Alle lag, organisasjonar, instutisjonar og skuleverket kan bli medlemer. Dei må rette seg etter laget sine vedtekter.

Røyster på årsmøtet:

Kvar andel har ei røyst. Det vert gitt ei røyst ekstra til dei som har betalt kontingenten for året. Den må seinast vere betalt 7 dagar før årsmøtet.

Paragraf 6

Styet:

Styret skal veljast av årsmøtet. Styremedlemene vert valt for to år, men slik at halvparten av medlemene står på val kvart år. Halvparten av styremedlemene valt på det konstituerande årsmøtet, går ut etter eit år ved loddtrekning. Leiaren vert valt særskilt. Dei medlemsorganisasjonane som har, eller vil få i gang, prosjekt som skal løysast av Trivsel i sentrum, vil få plass i styret. Styret bør helst ikkje ha fleire enn 8 medlemmer. Det kan veljast medlemmer i styret som ikkje har tilknytning til nokon av medlems-organisasjonane. Det er styret som leiar laget i perioden mellom årsmøta.

Styret kan ikkje ingå avtalar som bind opp nokon av medlemssorganisasjonane, og medlemer kan ikkje binde styret.

Vedtak skal fattast med fleirtal. Leiaren har dobbelrøyst ved likt røystetal i styret.

Styret si oppgåve er å administrere og leie laget i samsvar med føremålet, samt å utvikle strategiar som skal godkjennast på medlemsmøte/årsmøtet. Styret vel sjølv seg i mellom nestleiar, sekretær og kasserar.

Leiaren har den daglege leiinga av laget. Styret kan setje ned arbeidsutval, der mellom andre leiaren og nestleiaren er medlemer

Alle utbetalingar frå laget skal tilvisast av minst to styremedlemer som styret oppnemner til dette.

Paragraf 7

Medlemsmøte/medlemsinformasjon:

Styret bør sende ut informasjon til medlemene, eller halde medlemsmøte når dette er naudsynt. Medlemeer kan møte i styret utan røysterett.

Paragraf 8

Årsmøte:

Årsmøte skal haldast innan april månad. Årsmøtet er det høgste styreorganet. Styret skal kalle inn med 21 dagars varsel. Varsel skal sendast direkte til medlemsorganisasjonane.

Årsmøtet er vedtaksført med dei medlemer som møter. Vedtaka som vert fatta skal vera i samsvar med lover og vedtekter og utarbeidde/godkjente strategiar. Inkomne årsmøtesaker må vere styret i hende 7 dagar før årsmøtet.

Årsmøtet skal:

1. Godkjenne sakliste

2. Velje to medlemer til å skrive under møteprotokoll

3. Velje ordstyrar og møteskrivar

4. Godkjenne årsmelding

5. Vedta budsjett

6. Godkjenne revidert regnskap

7. Fastsette kontingent

8. Behandle innkomne forslag som er årsmøtesaker.

9. Velje leiar, styre, revisor og varamedlemer. Haram Kommune oppnemner eit styremedlem med personleg varamedlem.

Paragraf 9

Ekstra årsmøte:

Dette skal haldast etter same retningslinjer som årsmøtet, men kan berre handsame dei saker som er sett opp i innkallinga.

Slikt årsmøte kan haldast når styret ønskjer dette, eller når 1/3 av medlemsorganisasjonane krev det.

Paragraf 10

Tolking av Lovene:

Lovene skal ha somutgangspunkt å vere tilpassa dei til ei kvar tid gjeldande standardlover i Norges Idrettsforbund, og dette lovverket kan partane stø seg på dersom usemje skulle oppstå.

Paragraf 11

Oppløysing:

Vedtak om oppløysing av laget kan berre gjerast på vanleg årsmøte med to tredjetals fleirtal. Framlegg om dette må vere sett opp på saklista på førehand, og saklista må vera utsendt til medlems-organisasjonane minst 14 dger før møtet.

Blir oppløysinga vedteken med minst to tredjedels fleirtal, skal nytt årsmøte haldast 3 månader seinare. For at laget skal bli oppløyst, må vedtaket gjerast på nytt med to tredjedels fleirtal. Samanslåing med andre lag skal ein ikkje sjå på som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og naudsynte lovendringar i tilknytning til disse skal gjerast i samsvar med lovendringar jfr. §12.

Dersom laget blir oppløyst, skal eigedelane til laget overførast til dei medlemsorganisasjonane som dette fell naturleg, eller til Haram kommune. Fordeling av eigendelane vert gjort med vanleg fleirtal på siste årsmøte. Dersom eigedelar vert overdregne til Haram kommune, er det eit vilkår at dei i framtida skal nyttast i trå med føremålet til Trivsel i sentrum.

                                                                             

Paragraf 12

Lovendringar:

Endringar i denne lova kan gjerast av ordinært eller ekstraordinært årsmøte, etter å ha vore oppført på saklista og utsendt til medlemsorganisasjonane seinast 14 dager før møtet. Endringane krev to tredjedels fleirtal av dei oppmøtte medlemsorganisasjonanen med røysterett.

Endringar i paragraf 11 og 12 krev to tredjedels fleirtal på to etterføljande årsmøter før dei vert gjort gjeldande. Minst eit av desse mårsmøte må vera ordinært.

                                              

—————————————————————

 

Det konstituerte laget, med namn Trivsel i sentrum, skal overta og vidareføre det arbeid som interimsstyret for Trivsel i sentrum er i gang med.

Interimsstyret som vart oppretta, vert med dette lagt ned. Det er påkosta kr.550,- i rekningar, samt utgifter til porto/tlf./kopi som alt er dekt av IL Ravn. Desse utgiftene vil IL Ravn få dekt etter spesifisert rekning som godkjennast av det nyvalde styret. Ein reknar ikkje med at kostnadane vil overstige kr.3000,- for året 1993.

Den 28.09.93 overtok vi konto i bank stor kr.1.790,85 kontonummer 3901.10.50917 som tilhøyrde ein tidligare gruppering med namn Trivsel i sentrum. Medlemmer i denne grupperinga: Per Hofseth, Svein Rune Tenfjord, Kåre Vatneødegård, Kåre Hånes, Asbjørn Hatlehol, Oddbjørn Vatne, Per Orvik, og Leif Hofseth. Denne grupperinga vert med dette lagt ned. Jfr. Vedlagte fullmakt og revidert rekneskap merka vedl. lV

(Tilføyd: Dette er det som vart kalla Interimsstyret)

 

TEIKNING AV MEDLEMER:

I samsvar med det protokollerte skipningsdokumentet teikna skiparane seg som medlemer slik:

  LAG                                                         UNDERSKRIFT                      Andelskapital       Medlemskontingent               1994

  1. IL Ravn                                               Per Hofseth                               300,-                     300,-
  2. Vatne Småbåtlag                              Sverre Bjørnøy                         300,-                     300,-
  3. Vatne Tennfjord Røde Kors           Arild Vadset                               300,-                     300,-
  4. Sunnmøre Trevlag                           Arild Vadset                               300,-                     300,-
  5.  Vatne Jeger og Fiskeforening       Petter Arne Ulvestad               300,-                     300,-
  6.  Vatne Bondelag                              Ola Magne Slyngstadli             300,-                     300,-
  7.  Vatne Juniorkorps                          Jan R. Harjo                               300,-                     300,-
  8.  Haram Hornmusikklag                   Dagfinn Ringstad                     300,-                     300,-
  9.  Vatne Husmorlag                            Dagfinn Ringstad                     300,-                     300,-
  10.  Vatne Fril. Ungdomslag                  Eli M. Ulvestad                       300,-                     300,-
  11.  Vatnevassdraget Grunneierlag     Arne Vatne                              300,-                     300,-
  12.  Vatne Skytterlag                              Per Hofseth                             300,-                     300,-
  13.  Vatne Sogelag                                  Synnøve Bruteig                     300,-                     300,-
  14.  Tennfjord Skule                               Bernt Drage Andersen           300,-                     300,-
  15.  Vatne Ungdomsskule                     Torstein _Slyngstadli              300,-                     300,-
  16.  Haram F. F.O.                                   Per Hofseth                              300,-                     300,-
  17.  U. L. Samhald                                   Øyvind Tenfjord                      300,-                     300,-

FOR MEDLEMMER SOM MØTTE MED FULLMAKTER; SE DISSE, SOM ER INNLIMT I PROTOKOLLEN ETTER VEDTEKTENE.

SAK 3 KONSTITUERING AV LAGET

Da andelene var innbetalt, gjekk ein over til årsmøtet og laget vart lyst skipa med grunnlag i utkastet til skipingsdokument med vedtekter. Det kom ikkje framlegg til endringar av desse, og utkastet er dermed lagets vedtekter.

Ein gjekk deretter over til val av styret.

Som styre ble valgt:

Per Hofseth, formann

Stein Harsjøen

Dagfinn Ringstad

Petter Arne Ulvestad

Arne Vatne

Arild Vadset

Med varamann

  1. Ola Magne Slyngstadli
  2. Torstein Slyngstadli
  3. Vebjørn Vatnehol

Styret er identisk med medlemmene i interimsstyret.

      Til revisor art valgt:

      Rønnaug Stavset

Alle val var samrøystes.

Laget vart deretter lyst som lovleg konstituert og protokollen opplesen og underteikna av skiparane.

Underskrifter:

Dagfinn Ringstad, Jan R. Harjo, Petter Arne Ulvestad, Sverre Bjørnøy, Arild Vadset, Arne Vatne,

Øyvind Tenfjord, Ola Magne Slyngstadli, Eli Marlen Ulvestad, Per Hofseth, Synnøve Bruteig, Bernt

Drage Andersen, T. Slyngstadli

MERK

Etter pålegg fra brønnøysundregistrene ble vi pålagt å ender foreningen fra å være en forening til å bli et SA.

Vi registrerte da selskapet slik Brønnøysundregisteret forlangte og formelt har vi samme orgnr. 986 250 093, men heter Trivsel i sentrum SA. Dette ble utført 09.11.2013.

De nye lovene er basert på de som er gjengitt her. Den historiske etableringen har så stor vedi at vi velger å benytte den som vår «fanesak»